Aktivitetar
Frå Loenvatn Feriesenter er det kort veg ut i naturen, og det finst mange moglegheiter for aktivitetar. Vi kan blant anna anbefale:
Fjellturar
Fisking
Bading
Sykkeltur
Båttur
Brevandring
Sommarski
Til toppenLoen har mange fjellturar å by på. Det finst fleire oppmerka løypar, deriblant til 10 trimpostar, der den mest populære er Skåla. Dette er også den hardaste turen, og for ein normal tur reknast det 4-5 timar for å nå den 1848 meter høge toppen.
Ein anna flott oppleving er turen til Lodalskåpa, den høgste toppen på Jostedalsbreen. Ved hjelp av breførarar er det her mogleg å kome seg 2083 meter over havet.
Til toppenLoenvatn Feriesenter ligg ved Lovatnet, som strekker seg mange kilometer innover Lodalen. Her er det gode moglegheiter for ørretfiske, både med garn, oter og stang. Skulle det vere ønskjeleg med laksefiske, er dette mogleg i Loelva, lenger nede i dalen.
Til toppenLovatnet er som oftast ganske kaldt, blant anna på grunn av dei mange breelvane som renn ut i vatnet. På varme sommardagar kan temperaturen likevel bli ganske behageleg, og det finst fleire fine badeplassar. Den mest populære er å finne på Breng, ca 3 km frå Loenvatn Feriesenter.
Skulle været vere dårleg, kan badeanlegget på Hotel Alexandra anbefalast. Det flotte hotellet i bygda kan by på eit moderne anlegg med eiga spa-avdeling.
Til toppenKvifor ikkje ta seg ein sykkeltur innover Lodalen? Mange turistar tek slike utfluktar. Vegane er bra å sykla på, og dei er ikkje altfor bratte. Syklar kan leigast ved Loenvatn Feriesenter.
Til toppenOm sommaren er det daglege avgangar med båten M/B Kjenndal på Lovatnet. Turen går frå Sande, ca. 500 meter frå Loenvatn Feriesenter, til inste del av vatnet, Kjenndal. Her ligg ein restaurant, og det er også mogleg å føgje buss vidare inn til Kjenndalsbreen.
Båtturar kan også takast på eiga hand. Her på campingen har vi utleige av både kanoar og robåtar.
Til toppenLoen ligg nær Jostedalsbreen, og det er kort veg viss du vil oppleva brearmane. I Loen kan du lett ta deg fram til både Kjenndalsbreen og Bødalsbreen. Det fins også moglegheiter for brevandring på nokre brear.
Til toppenStryn Sommarski er meget populært. Lengda på sesongen varierer frå år til år, men kan vare frå april/mai til juli/august. Skisenteret ligg mellom 1000 og 1600 meter over havet, og frå Loenvatn Feriesenter tek det litt over ein time å kome seg dit med bil.